8. mars

Nokre idear og lenker som syner korleis avisa kan brukast til å speile dagens situasjon for likestillingsarbeidet.

Les meir

Kva er storyline?

Storylinemetoden er ein tverrfaglig undervisningsform som har fått stor utbreiing både internasjonalt og på alle trinn og nivå i norsk skule. Med læraren som regissør og rettleiar arbeidar elevane innanfor ramma av tematiske, problemtaklande undervisningsforløp der læringsprosessane er sentrert rundt ein fortelling - ei storyline.

Her kjem eit forslag til storyline knytt til avis. Les meir her.

Nytt elevhefte frå Avis i Skulen

Dette er eit nytt elevhefte frå Avis i Skulen. Heftet gir gode råd til journalistisk arbeid med skuleavis og avissjanger. Målgruppa er ungdomstrinnet og vidaregåande skule. Forfatter er Kåre Vangen.

Les meir

Resultat frå klassane som har delteke på Vis med avis.

Her finn du ei førebels liste over poengsummar til klassane som har delteke på Vis med avis. Ikkje alle resultata er komne så det kan skje endringar på lista.

Les meir

Samarbeid med HP om skuleavis på nett

Jostedal skule som har ein lang tradisjon på å lage skule og bygdeavis, har i samarbeid med Avis i Skulen og HP fått tildelt datautstyr som gjer dei i stand til å utvikle nettavis, Skulen er tenkt som ein demonstrasjonsskule som kan vere ein ressurs for fådelte skular som vil arbeide med avis knytt til sitt nærmiljø.

Ungdom les lokalavisa.

Ungdom les stadig lokalavisa, til tross for tabloider, nettaviser og eit massivt underhaldningstilbod.
Det viser rapporten "Unge avislesere i Norden – finnes de ?"

Les meir

Elevhefte om mediekonvergens

Tidligare har ein studert aviser, telekommunikasjon, fjernsyn, film og radio som separate einingar. Med digitalteknologien har imidlertid moderne media kryssa grenser. Dei ulike media flyt saman og skaper eit felles multimediekonsept – mediekonvergens.

Les meir

Nilesaren på 8 ungdomsskular.

9. trinn på 8 skular i Sogn og Fjordane skal lesa avis kvar dag i ni veker dette skuleåret. Dette er eit "Gje rom for lesing" prosjekt der dagsaktuelle avistekstar står sentralt som læremiddel og som lærestoff. Påmeldingsfristen var 25. oktober.

Korleis det går med desse kan du lese her

Vis med Avis - 2007

Vis med Avis er ein aktuell spørjekonkurranse der heile klassen deltek. Elevane les lokalavisa i veka før dei får spørjearka. I spørkearka har spørsmåla tre svaralternativ. Det blir rekna ut gjennomsnitt for klassen. Dette avgjer kven som går vidare i konkurransen. Vis med Avis er for 7.trinn.

Les meir om Vis med Avis her

Gratis handbok for lærarar

Inneheld fagkunnskap om skriving/journalistikk, sjangrer og presentasjon, og konkrete tips til korleis organisere arbeidet med avis. Detaljert innhaldsliste. Kan brukast som oppslagsbok. Gratis til interesserte lærarar.

Les meir om handbok for lærarar.